Nei til privatisering av kommunale vegar
Nedskjering fører til avvikling av kommunale vegar
Vågå Arbeiderparti meiner det er feil å privatisere det meste av kommunale vegar, slik Senterpartiet og Bygdalista fekk gjennom i Kommunestyret. Vi meiner tvert i mot det er viktig at fellestenester som veg skal vere kommunal oppgåve. I programmet vårt for neste valperiode ynskjer vi heller å arbeide for å ta fleire private grendevegar til kommunale vegar. Dette fordi vi ynskjer busetting i heile Vågå kommune, og at ein trygg veg er ein føresetnad for at vi skal klare dette.
Historikk
Vågå kommune overtok på slutten av 70 talet og starten av 80 talet ein rekkje private vegar. Bakgrunnen for dette var at vegane var viktige for å ha busetjing i heile kommunen og at det var sett på som ei alt for stor belastning at oppsitjarane skulle dekkje alle kostnadene sjølve. Der det vart anlagt kommunale bustadfelt var det ein sjølvfølgje at vegane var kommunale.
I tillegg til dei kommunale vegane kosta Vågå kommune vintervedlikehaldet på tre private vegar: Øverbygdsvegen, Skjellumsvegen-Steindalsvegen og den private delen av Torestugujeilen. Dette opphøyrte i samband med budsjettet for 2017. I etterkant av dette kom det søknad frå oppsitjarane etter desse vegane om å bli omklassifisert til kommunal veg. Søknadane vart behandla i Kommunestyret 13/6-2017. (Sak 48/17)
På kommunestyremøtet 13/6-2017 var det også vedtatt :"Det må utarbeidast ei oversikt som syner alle kommunale og aktuelle private vegar i Vågå kommune og gjort ei vurdering av klassifiseringa på desse skal ha ut i frå dagens situasjon, det blir satt av midlar til dette arbeidet i budsjett for 2018." Vedtaket seier ikkje noko om at ein skal leggje opp til ei stor privatisering av dei kommunale vegane!
Administrasjonen er i gang med dette arbeidet og det vart difor heilt feil når Senterpartiet og Bygdalista i behandling av det endelege budsjett og økonomiplan for 2019-2022 saman fekk fleirtal for å ha ei innsparing på 1 mill. i 2019 og 3 mill. fram mot 2022. Senterpartiet tok både innbyggjarane og oss i Arbeiderpartiet på senga med å foreslå det direkte i budsjettmøtet. Eit så omfattande forslag burde vore lagt ut på høyring saman med resten av budsjett og økonomiplan slik at innbyggjarane våre kunne kome med innspel før vedtaket. (Sak 70/18)
Framover
Realiteten no er at det er lagt så sterke føringar frå på ei innsparing at det må til ei omfattande privatisering for å nå målet. Vegfondet blir lansert som løysinga for dei vegane som blir privatisert, men vegfondet har vedtekter som ikkje vil dekkje alle. Mellom anna set vedtektene krav om at vegen må vere minimum 800 meter. Samstundes vil Vegfondet på langt nær kompensere for utgiftene. I 2018 vart det utbetalt litt i overkant av kr. 10,- pr. meter veg frå vegfondet. Dette vil si at ein veg på 1,5 km vil få litt over kr. 15.000,- til alt vedlikehald, opprusting og brøyting/strøing.
Kveomsvegen er i dag ein kommunal veg. Vegen har mange oppsitjarar og tener samstundes som ein viktig gjennomfartsveg til Heimfjellet.