Politikken
Her kan du lese det fullstendige partiprogrammet
Vågåpakka - vilje og handlekraft
Vågå Arbeiderparti lanserer Vågåpakka, som eit samlebegrep for tiltak vi meiner skal bidra til å sikre innbyggjartalet i Vågå kommune.Sist år gjekk folketalet i Vågå ned med 59 innbyggjarar. Dette var våre naboar, dei hadde barn på skulane, handla i butikkane og deltok på dugnadar. For kommunebudsjettet utgjer dette eit inntektstap på nesten 6 millionar kroner! Det trengs både vilje og handlekraft for å stoppe denne utviklinga.Vågåpakka er ein serie med tiltak som tek for seg følgjande hovudområde:- Bustad. Etter vår meining, er dette den aller største utfordringa i dag. Vi manglar bustadar i alle kategoriar. Dette gjer at vi mister innbyggjarar, både dei som allereie er her og potensielle tilflyttarar.
- Arbeid. I dag har vi låg arbeidsløyse, og det er etterspørsel etter arbeidskraft nær sagt overalt. Likevel må vi ha eit næringsliv som veks og trivst. Vi skal ta vare på det som alt er her, og samtidig legge til rette for nye etableringar og satsingsområde.
- Vågåsamfunnet. Vågå skal vera ei trygg og god kommune for både unge og vaksne. Dette betyr at vi må ha ein god skule og tilby ein trygg alderdom. Samstundes vil vi at Vågå skal vera ein attraktiv plass å bu for alle – både for at vi skal behalde innbyggjarane våre og tiltrekke oss nye.
-
Bårstadhallen
Vi må tørre å satse for å vinne!
-
Nei til privatisering av kommunale vegar
Nedskjering fører til avvikling av kommunale vegar